Torsdag 28.05 var det sykkeldag i regi av Flatraket Idrettslag på skuleplassen ved Flatraket skule. Det var godt oppmøte, god stemning og god innsats frå alle! Her dukka også Sparebanken Norge opp med ei stor gåve til eit prosjekt Flatraket Bygdelag har starta for oppgradering av skuleområdet!

468f7501 05cf 400e 9d73 f81d982242df

Sykkeldagen starta med sykkelløp for store og små, før Politet kom og kontrollerte alle syklane og fylte ut mangellappar. Etterpå fekk alle som vil prøve å sitte i politibilen, både framme og bak. Sjeldan har det vore so fult bak i politibilen. Det vart servert saft og kaffi, og det vart delt ut is til alle frammøtte.

Sparebanken Norge møtte også opp, representert ved Tonje Lillesalt og Renate Blålid. Dei hadde med ei gåve til eit prosjekt bygdelaget har starta ved skulen, og ikkje mindre enn 170.000kr ønska dei å bidra med!

WhatsApp Image 2026 05 28 at 19.57.42

Målet med prosjektet er å fornye og oppgradere skuleplassen, og hovudmålet er få lagt ny asfalt på området. Med gåva frå Sparebanken Norge er vi nok over halvvegs med finasieringa! Tusen takk for gåva!

Skjermbilde 2026 02 28

Dei fleste som har gått ved Flatraket skule kjenner den dårlege tilstanden på asfaltdekke.

Finansieringa vil halde fram, og med den store gåva frå Sparebanken Norge er vi veldig optimistiske på at vi vil komme i mål!

Sist oppdatert 28.05.2026 av Thomas Bigset.

Statistikk: Innlegg/side besøkt 288 gonger, 1 besøk i dag.

2 kommentarer til “Stor gåve frå Sparebanken Norge!”

  1. Johan Kroken avatar
    Johan Kroken

    De arbeider godt og tek tak i oppgåver som treng ei løysing. Takk for innsatsen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *