Måndag 11. mai vart det arrangert ryddedag på Flatraket, i samarbeid mellom FAU ved Flatraket skule, skulen og Flatraket barnehage.
Både små og store gjorde ein flott innsats for nærmiljøet vårt, og det vart rydda godt rundt om i området. Det var kjekt å sjå engasjementet og arbeidsviljen hos borna, og vêret spelte heldigvis også på lag denne dagen.
Som takk for god innsats fekk alle utdelt is etter arbeidet. Ryddedagen er ein fin tradisjon som både skaper trivsel, samhald og omtanke for bygda vår. Vi håpar dette er noko vi kan halde fram med i åra som kjem.

Sist oppdatert 28.05.2026 av Thomas Bigset.
Statistikk: Innlegg/side besøkt 31 gonger, 1 besøk i dag.


Legg igjen en kommentar