Om bygdelaget
Flatraket Bygdelag

Flatraket Bygdelag vart til etter eit folkemøte på skulen 21. november 2024, der det vart valt eit interimstyre for å arbeide vidare med etableringa av laget. Stiftingsmøtet vart halde 11. februar 2025.
Bygdelaget er ei frivillig foreining for bygda Flatraket i Stad kommune, og omfattar området frå Gangskartunnelen til og med Håvik. Føremålet er å ta vare på og fremje bygda gjennom å skape møteplassar, styrkje trivsel og bulyst, og vere ein pådrivar for lokal utvikling. Flatraket Bygdelag skal vere ein samlande organisasjon som arbeider for å gjere ein flott plass endå betre å bu, trivast og engasjere seg i.
Flatraket er eit levande lokalsamfunn med skule, barnehage, butikk og idrettslag. Her er godt samhald, aktive møteplassar og gode høve for både kvardagsliv og fellesskap. Bygda byr òg på rike moglegheiter for friluftsliv, med den grusa trimløypa i Flatraksdalen og mange godt merkte turstiar i fjella rundt dalen.
Med kort avstand til både Måløy og Selje ligg Flatraket sentralt til, samstundes som bygda tek vare på det nære og inkluderande lokalmiljøet sitt. Flatraket Bygdelag ønskjer å vere ei positiv drivkraft for vidare utvikling, trivsel og fellesskap i bygda.
Bygdas Vel
Forløparen til Flatraket Bygdelag var Bygdas Vel. Etter fleire år med liten aktivitet vart det vedtatt på ekstraordinært årsmøte 11.02.2025 å legge ned laget og overføre lagets aktiva til det nye Flatraket Bygdelag.
Sist oppdatert 16.04.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.
