• Stor gåve frå Sparebanken Norge!

    Torsdag 28.05 var det sykkeldag i regi av Flatraket Idrettslag på skuleplassen ved Flatraket skule. Det var godt oppmøte, god stemning og god innsats frå alle! Her dukka også Sparebanken Norge opp med ei stor gåve til eit prosjekt Flatraket Bygdelag har starta for oppgradering av skuleområdet!

  • 17. mai 2026 har blitt markert på Flatraket

    Grunnlovs- og nasjonaldagen 17. mai 2026 har blitt feira på Flatraket. Vi er heldige som får markere denne dagen – ein dag som på mange måtar er barna sin dag, men også ein fin dag for fellesskap, tradisjonar og bygdeliv.

  • Ryddedag på Flatraket

    Måndag 11. mai vart det arrangert ryddedag på Flatraket, i samarbeid mellom FAU ved Flatraket skule, skulen og Flatraket barnehage.

  • Fotballsesongen er i gong!

    Fotballsesongen er i gong!

  • Godt frammøte på folkemøte om skulesaka

    Godt frammøte på folkemøte om skulesaka. Tysdag 28. april 2026 inviterte FAU ved Flatraket skule og Flatraket bygdelag til folkemøte på klubbhuset for å drøfte den pågåande skulesaka (endring i skulestruktur) i Stad kommune.

  • Infoskjermen er live!

    Infoskjermen er live! Infoskjermen vil vise informasjon om komande arrangement, innlegg frå heimesida vår og bilder frå Flatraket. Den er også satt opp til å vise veret, og utdrag frå nyheiter frå Fjt og Fjordabladet. Skjermen er utplassert på Joker Flatraket.

  • Laurdag var det dugnad på Naustteigen stadion. Noko av det som vart gjort:– Ein fekk rydda blant reklameskilta og fjerna gamle skilt– Det vart satt opp ramme til nye skilt som skal kome mellom innbyttarbenkane– Det vart satt inn ventilar i ballskuret– Det vart lagt takpapp på huset til robotklipparane– Det vart tetta nokre hol…

  • Tilbodet på heimesida til Flatraket Bygdelag har vorte utvida. No finn du mellom anna aktivitetskalender, presentasjonen som blir vist på informasjonsskjermen hjå Joker Flatraket, biletestraum frå Instagram, informasjon om bygdelaget og bygda Flatraket, nyheiter frå lokalavisene Fjordenes Tidende og Fjordabladet, samt ulike lenkjer til andre relevante kjelder.

  • Program for 17. mai 2026 på Flatraket. Vel møtt til feiring av nasjonaldagen!

  • Aktivitetskalender og informasjonsskjerm-presentasjon. To tilbod her på bygdelaget si nettside: For å halde deg oppdatert på det som skjer i bygda, kan det vere lurt å følgje med på både aktivitetskalenderen og informasjonsskjermen-presentasjonen. Vel møtt til dei ulike arrangementa på Flatraket!