I dag kunne ungane ved Flatraket skule innvie det nye reiestativet som er sett opp ved skulen. Reiestativet har komt på plass etter et samarbeid mellom Stad Kommune, FAU ved skulen og Flatraket Bygdelag!

Prosjektet kom i gong etter eit møte mellom FAU og kommuna seinhausten 2025. Det viste seg at kommunen hadde eit ubrukt reiestativ, og FAU tok på seg arbeidet med monteringa.
Stad Kommune har i tilleg til å levere reiestativet og reia, ordna linjepåvisning, montert sjølve reia, samt stått for kontroll og godkjenning. I tillegg vil dei levere meir sand til ekstra fallunderlag. Ei stor takk til kommuna som har vore med på å realisere prosjektet!
Flatraket Bygdelag har bistått med finansieringa, der Sparebankstiftinga har bidrege med heile 40.000kr og Sparebanken Norge og Ildsjelfondet har bidrege med 10.000kr. Tusen takk til begge!
FAU har stått for arbeidet, og her har Kent-Jonny lagt ned ein formidabel innsats, med både graving, fundamentering, støyping, montering av reiestativet å enda litt til.
Om ein skal dømme etter antall barn på området rundt reiestativet fredag ettermiddag, må prosjektet ha vore ein stor suksess! Det er sjeldan det har vore så stor aktivitet på denne delen av skuleområdet.









Det er også fleire prosjekt på gong ved skulen. Med finansieringa som no er på plass vil FAU jobbe videre med å bygge ein ny platting med benkar ved inngangspartiet på skulen.
Flatraket Bygdelag jobbar også vidare med finansiering av asfalt på skuleplassen. Målet er å komme i mål med dette iløpet av vinteren. Vi har tidlegare motteke ei gåve på heile 170.000kr frå Sparebanken Norge. Tenk om vi kunne få ny asfalt til våren!


Sjå også omtale i lokalavisene:
https://www.fjt.no/nyheter/n/XM3nXg/sjelden-det-har-vaert-saa-stor-aktivitet
https://www.fjordabladet.no/nyhende/n/pBxXJj/stor-glede-over-nytt-reiestativ
Sist oppdatert 01.10.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.

Legg igjen en kommentar