Søndag 18. oktober 2026 – kafé og gudsteneste på Flatraket
Søndag 18. oktober 2026 blir det invitert til både kafé og gudsteneste i gymsalen på Flatraket skule. Alle er hjarteleg velkomne til ein triveleg ettermiddag med sosialt samvær, kaffi og kaker!
Program for dagen:
- Kl. 14.30–16.00: Kafé med kaffi, noko godt å bite i og høve til ein hyggjeleg prat.
- Kl. 16.00: Gudsteneste i regi av Selje sokneråd, med mykje fin song.
Om gudstenesta:
- Prest: Synnøve Aaberg
- Organist: Jon Inge Sigerland
- Offer: TV-aksjonen
- Dag i kyrkjeåret: 21. søndag i treeiningstida
- Preiketekst: Matteus 22, 15–22
Velkomen til ein hyggeleg søndag på Flatraket!
Bygdekafé gjennomført
Kafé og gudsteneste er no gjennomført i gymsalen på Flatraket skule. I overkant av 20 personar møtte fram på kaféen. Det var òg nokre fleire til stades under gudstenesta. Takk til alle som tok turen og bidrog til ei hyggeleg samling!
Lenker:
- Flatraket Bygdelag: Oppslag i aktivitetskalendaren
- Stad kyrkjelege fellesråd: Aktivitetskalender | Gudsteneste på Flatraket skule 18.10.2026
Sist oppdatert 01.11.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.
Statistikk: Innlegg/side besøkt 190 gonger, 1 besøk i dag.


Legg igjen en kommentar