Jonsokfeiring 2026

Jonsokfeiring 2026

Søndag 21. juni var det duka for jonsokfeiring på Naustteigen stadion og i klubbhuset. Trass i litt skiftande vêr møtte både små og store opp til ei triveleg ettermiddagsstund saman.

Feiringa starta med fantetog frå skulen til klubbhuset. Nokre hadde kledd seg ut, og det vart eit kjekt innslag for både deltakarar og dei som såg på. Ved klubbhuset var det open kiosk med sal av rømmegraut, kaker og pølse med brød.

Inne i klubbhuset samla folk seg rundt borda, medan andre nytta høvet til å vere ute på området. Bålpannene vart fyrte opp, og dei som hadde med grillmat kunne grille og kose seg saman med naboar, vener og familie.

Det vart ei fin samling for bygda, med god prat, mat, leik og sosialt fellesskap på tvers av generasjonar. Det var over 100 frammøtte.

Flatraket Bygdelag takkar alle som møtte opp, alle som bidrog med praktisk arbeid, og alle som var med på å gjere jonsokfeiringa til ein kjekk dag på Naustteigen.

Sist oppdatert 22.06.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.

Statistikk: Innlegg/side besøkt 672 gonger, 1 besøk i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *