Tysdag 28. april 2026 inviterte FAU ved Flatraket skule og Flatraket bygdelag til folkemøte på klubbhuset for å drøfte den pågåande skulesaka (endring i skulestruktur) i Stad kommune.

Bakgrunnen for møtet er at kommunen har starta ei utgreiing der det mellom anna vert vurdert om Flatraket skule skal slåast saman med Flatraket barnehage til eit oppvekstsenter. Det vert òg vurdert om 1.–4. klasse ved Flatraket skule og Flatraket barnehage skal samlast som ei eining ved Flatraket skule, medan 5.–7. klasse vert flytta til Selje skule.

Trass i kort frist frå innkalling til møtet, møtte i underkant av 30 personar opp. Dette må reknast som god oppslutning, særleg med tanke på at saka i første rekkje gjeld familiar med barn i barnehage- og barneskulealder.

Bygdemøte om skulestrukturen i Stad kommune 2026
Bygdemøte 28.04.2026 om skulestrukturen i Stad kommune, med vekt på konsekvensane for Flatraket skule og Flatraket barnehage. Foto: Bjørn Roger Rasmussen.

På møtet vart det orientert om saka og forslaget frå kommunedirektøren. Det vart vidare drøfta kva konsekvensar ei slik endring kan få for elevar, føresette, skulemiljøet og bygda som heilskap. Det kom fram fleire innspel og synspunkt frå dei frammøtte.

Reaksjonane på den skisserte endringa i skulestrukturen var, som venta, negative. Dei frammøtte var tydelege på at ei slik løysing ikkje er til barnas beste. Særleg vart det peika på at elevar på mellomtrinnet vil få ein lang reiseveg med buss til Selje, om lag 30 kilometer og 1 time kvar veg. For mange vart dette trekt fram som ei urimeleg belastning i skulekvardagen. Barna er ei sårbar gruppe, og bør ikkje framstå som ein økonomisk salderingspost i kommunerekneskapen.

Det vart òg uttrykt sterk uro for kva ei nedbygging av Flatraket skule vil bety for bygda. Skulen er ein viktig del av lokalsamfunnet, og ei flytting av 5.–7. klasse vil kunne svekkje både skulemiljøet, nærmiljøet og framtidig bolyst på Flatraket. Fleire peika på at ei slik utvikling kan gjere det mindre attraktivt for barnefamiliar å busetje seg og bli verande i bygda.

Det vart utarbeidd eit felles innspel frå møtet. Dette vil bli sendt til administrasjonen og sentrale politikarar i Stad kommune i forkant av den vidare politiske handsaminga. Bygda ønskjer at dagens struktur og ordning vert vidareført.

Flatraket bygdelag og FAU ved Flatraket skule takkar alle som møtte fram og engasjerte seg i ei viktig sak for bygda vår.

Flatraket skule
Flatraket skule, fotografert 28.04.2026. Foto: Bjørn Roger Rasmussen.

Lenker:

Sist oppdatert 10.05.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.

Statistikk: Innlegg/side besøkt 287 gonger, 1 besøk i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *