Onsdag 14. oktober 2026 var tenesteutvalet i Stad kommune, eit politisk utval som mellom anna arbeider med saker innan oppvekst, skule og barnehage, på synfaring ved Flatraket skule. Besøket resulterte i ein svært positiv og flott omtale av skulen i Fjordenes Tidende.

Politikarane trekte særleg fram den gode atmosfæren, det nære miljøet og det sterke engasjementet blant både tilsette og føresette. Den imponerande dugnadsinnsatsen og samarbeidet mellom skulen og bygda fekk mykje ros.

Med 42 elevar og eit heilt bygdesamfunn i ryggen viser Flatraket skule at ein liten skule kan ha store kvalitetar. Fleire av politikarane understreka at større skular ikkje nødvendigvis er betre, og at småskulane har verdiar som det er viktig å ta vare på.

Kjekt med slik positiv omtale av skulen vår!

Les heile artikkelen og sjå dei mange bileta frå besøket i Fjordenes Tidende (abonnement kan vere nødvendig):

Flatraket skule
Flatraket skule, fotografert 28.04.2026. Foto: Bjørn Roger Rasmussen.

Sist oppdatert 14.10.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.

Statistikk: Innlegg/side besøkt 120 gonger, 1 besøk i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *