Flatraksbygda er ei perle kan vel hende, i frå Navenes og sør til Gangeskar. Det var her eg i min ungdom for og rende, det er her eg mine barndomsrøter har. Ofte vart det leika politi og røvar, eller vi ein tur i beitemarka gjekk. Der dei fredelige kyr vart ville løver, og vi stormsprang heim, vanvettige av skrekk.
Eg vaks opp og reiste ut i vide verda, for å jobbe, eller sjå meg rundt i kring. Men kvar kveld på denne lange, lange ferda såg eg for meg alle kjende kjære ting. Det var kveldssola som spegla seg i Keila, før ho dala ned i havet ut for Stadt. Berre tjeld og teist slost litt om ein småfisk, før enn bygda gjekk til ro og sa god natt.
Også vinterstormar mintes eg med glede, dersom alle folk og båtar låg i hamn. Snø og sludd frå vestavindens arge vreide, der var varmt i skulestovas lune famn. Og når våren kom og heile bygda vakna, det var traktordur frå morgon til kveld. Ut i verda var det kjende ting eg sakna, lukt av ny-spreidd møk og fisk som hang på hjell.
Eller når slåttegrauten vi vart benka, etter strevet, redningsfest, litt skrik og skrål. Men når helgefred seg over bygda senka, mange ting kan hende i eit turrhøy stål. Er det rart at alle ynskjer seg tilbake, til den staden som er paradis på jord. Vi drog ut og snudde heim med kvar vår make, heim til Flatraksbygda, vener, far og mor.
Sist oppdatert 17.05.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.
