- Dette arrangement har allerede funnet sted.
🌿 Bygdedugnad – saman for ei endå trivelegare bygd 🌿
17. juni – kl. 17:30
Gratis
Bygdelaget inviterer til felles dugnad for å gje bygda vår eit lite løft!
Vi skal rydde og stelle rundt nær-butikken vår, ta i eit tak i «rundkøyringa» ved skulen og elles luke, rydde og kantslå der vi ser at det trengst. Oppmøte ved Joker.
Skal vi få noko gjort må vi gjere det sjølv ✅🤩 Med litt innsats frå mange får vi gjort mykje, og det blir sjølvsagt veldig sosialt. Vi serverer kaffi og noko lite å bite i 🍫
Ta gjerne med:
- Hagehanskar
- Grafse/rive
- Kantklippar
- Trillebår
- Anna eigna hage- og ryddeutstyr
Jo fleire som møter opp, desto meir får vi gjort – og desto kjekkare blir det!
Vel møtt til ein sosial og nyttig dugnad for bygda vår 🌱💚 Kommenter i innlegget (Facebook) om du kjem 😎
Sist oppdatert 11.06.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.
Statistikk: Innlegg/side besøkt 16 gonger, 1 besøk i dag.
