Dartkurs i bygda

Dartkurs i bygda

Dartkurs på Flatraket! 🎯

Liv og lyst-gruppa ønskjer å skape fleire aktive og sosiale møteplassar i bygda! 👍

Liv og lyst
Liv og lyst – Flatraket.

Denne gongen inviterer vi til dartkurs, der Roger Nygård stiller med både utstyr, tips og gode råd til alle som har lyst til å prøve seg.

Aktiviteten er open for alle aldersgrupper, og ein treng ingen forkunnskapar for å bli med! 🎯

Tidspunkt og vekedag er førebels ikkje bestemte. Først ønskjer ein å kartleggje interessa og samle dei som har lyst til å prøve. Roger vil sørgje for nødvendig utstyr, slik at deltakarane kan teste ut dart før ein eventuelt bestemmer seg for å gjere dette til ein fast aktivitet.

Påmelding innan 15. oktober direkte til Roger Nygård. Sjå og innlegg på Facebook i gruppa «Velkomen til Flatraket». Fristen gjeld berre for å melde interesse,

Oppdatering frå Roger: Det blir dartkveld i klubbhuset onsdag 21. oktober kl. 19.00, med fem ferdig rigga dartbaner – ta gjerne med eigne dartpiler! 🎯

Vi håpar mange har lyst til å bli med! 😊

Dartbaner
Fem dartbaner var rigga og klare før den første dartsamlinga i klubbhuset i oktober 2026. Foto: Roger Nygård.

Første dartsamling gjennomført

Den første dartsamlinga i klubbhuset er no gjennomført. Fem baner var ferdig rigga før deltakarane kom. 15 stk. møtte opp!
Ny moglegheit onsdag 28.10.2026 kl. 19.00 i klubbhuset. Håpar mange tek turen for å kaste piler, konkurrere og vere litt sosiale.
Dart
Bilde frå dartkvelden i klubbhuset

Sist oppdatert 27.10.2026 av Thomas Bigset.

Statistikk: Innlegg/side besøkt 41 gonger, 1 besøk i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *