Torsdag 28.05 var det sykkeldag i regi av Flatraket Idrettslag på skuleplassen ved Flatraket skule. Det var godt oppmøte, god stemning og god innsats frå alle! Her dukka også Sparebanken Norge opp med ei stor gåve til eit prosjekt Flatraket Bygdelag har starta for oppgradering av skuleområdet!
Infoskjermen er live! Infoskjermen vil vise informasjon om komande arrangement, innlegg frå heimesida vår og bilder frå Flatraket. Den er også satt opp til å vise veret, og utdrag frå nyheiter frå Fjt og Fjordabladet. Skjermen er utplassert på Joker Flatraket.
Laurdag var det dugnad på Naustteigen stadion. Noko av det som vart gjort:– Ein fekk rydda blant reklameskilta og fjerna gamle skilt– Det vart satt opp ramme til nye skilt som skal kome mellom innbyttarbenkane– Det vart satt inn ventilar i ballskuret– Det vart lagt takpapp på huset til robotklipparane– Det vart tetta nokre hol…
Tilbodet på heimesida til Flatraket Bygdelag har vorte utvida. No finn du mellom anna aktivitetskalender, presentasjonen som blir vist på informasjonsskjermen hjå Joker Flatraket, biletestraum frå Instagram, informasjon om bygdelaget og bygda Flatraket, nyheiter frå lokalavisene Fjordenes Tidende og Fjordabladet, samt ulike lenkjer til andre relevante kjelder.
Flatraket Bygdelag har fått heimeside Her vil du finne informasjon om bygdelaget og bygda Flatraket.