Bygdekafe
Bygdelaget arrangerte sin første Bygdekafe søndag 30.03.2025 i gymsalen på Flatraket skule. Det vart fult hus og det vart satt fram over 100 stolar. Det vart servert kaffe, saft og brus, og kaker, muffins og gjærbakst.
Som ein del av arrangementet vart det sett fram forslagskasse og vi fekk inn mange gode forslag om både kva Bygdelaget skal vere, korleis det skal organiserast og mange gode forslag til tiltak og arrangement.
Tilbakemeldingane var gode og mange oppmoda om at arrangementet kunne gjentakast.

Legg igjen en kommentar