♣️ ♦️ BRIDGEKURS ♠️ ♥️
Har du lyst til å lære å spele bridge?
Terje Ødegård stiller villig opp og lærer bort både grunnleggjande reglar, tips og triks til alle som har lyst til å prøve seg.
For å kunne spele treng vi minst fire deltakarar, og tilbodet er ope for alle frå 16 år og oppover.

Du treng ingen forkunnskapar, og du treng heller ikkje ta med deg noko anna enn godt humør. 😊
Kurset er gratis.
Har du lyst til å bli med, tek du kontakt med Terje Ødegård og melder di interesse.
Oppstart blir så snart vi har nok påmelde.
Kanskje dette er høvet til å lære eit nytt kortspel – og samtidig få nokre hyggelege og sosiale kveldar saman? ♣️♥️
Sist oppdatert 01.10.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.
Statistikk: Innlegg/side besøkt 19 gonger, 1 besøk i dag.


Legg igjen en kommentar