Basar med Flatraket Idrettslag søndag 25. oktober 2026

Tekst i hovudsak skrevet før basaren ble avvikla:

Søndag 25. oktober kl. 16.00 inviterer Flatraket Idrettslag til basar i gymsalen på Flatraket skule. I år blir basaren arrangert utan den tradisjonelle julegrantenninga.

Vi har fått inn svært mange flotte gevinstar frå lokale bedrifter, og enkelte har verkeleg slått på stortromma! Vi er svært takksame for den gode støtta frå næringslivet.

Fullt hus på basaren til Flatraket IL

Søndag 25. oktober arrangerte Flatraket Idrettslag sin årlege basar i gymsalen på Flatraket skule. Det vart eit vellukka arrangement med godt frammøte, mange flotte gevinstar og mat laga på dugnad.

Under basaren vart det også sett tilbake på aktivitetane i idrettslaget gjennom året. Vinnarane av årets fjelltrim fekk premiar, medan dei yngste fotballspelarane fekk velfortent applaus frå publikum.

Idrettslaget rettar ei særleg takk til lokale bedrifter som bidrog med gevinstar, alle som kjøpte lodd, og ikkje minst Joker Flatraket, som var til stor hjelp med loddsalet i vekene før basaren.

Basar på Flatraket
Basar på Flatraket i regi av Flatraket Idrettslag 25.10.2026.

Gevinstar for både små og store

I år har vi valt å fordele gevinstane på eigne loddbøker for barn og vaksne. På den måten unngår vi at Peder på 7 år vinn ein varmtvasstank til 13 000 kroner, sponsa av Husevåg Rør, og blir skuffa! 😄

Peder vil nok heller vinne ein sparkesykkel, LEGO, ein lastebil eller ein fotball. Og dei vaksne får sjansen til å vinne gevinstar som passar betre for dei.

Slik kjøper du lodd

Det er tre måtar å kjøpe lodd på:

  1. Vipps: Send betaling til 778966 når som helst.
  2. På butikken: Kjøp lodd når vi sit på butikken og sel.
  3. På døra: Vent til vi kjem rundt på dørene her i bygda.

Viktig: Hugs å opplyse om lodda skal vere i barne- eller vaksenboka! Ved betaling med Vipps må dette skrivast i meldingsfeltet. Kroner 10,- pr. lodd.

Gevinstar - basar FIL 2026
Oversikt over gevinstane til basaren i regi av Flatraket Idrettslag søndag 25. oktober 2026.

Vi håpar mange vil støtte Flatraket Idrettslag ved å kjøpe lodd, og ikkje minst møte opp på basaren!

Hjarteleg velkomne til ein triveleg basarsøndag på Flatraket! 🎉

Lenker:

Sist oppdatert 01.11.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.

Statistikk: Innlegg/side besøkt 127 gonger, 1 besøk i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *