Badeflåten er komen på sjøen og den er klar for bruk. Bygdelaget vil gjerne takke alle som har bidratt til prosjektet, både med økonomisk støtte, materiell og arbeid!

Takk til alle som har støtta prosjektet, vi har blant anna fått økonomisk støtte frå Sparebanken Norge og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Fiskevegn har sponsa tau og fortøyningsmateriell, Selstad har sponsa kjettingen, Vågsøy Ferdigbetong har sponsa loddet, og Mowi hjalp oss å sette ut flåten. Det er også mange som har vore med både i planlegging, bygging og utsetting av flåten.

Vi vil oppfordre til å vise hensyn og forsiktigheit ved bruk av flåten, spesielt ved fjøre sjø. Sjå også badevettreglane som er slått opp ved sanden, og bad ikkje aleine. Barn må vere under oppsyn av vaksne ved bruk av flåten.

Ta ekstra hensyn til loddet som ligg på botnen, det er malt med raud maling for å vere ekstra synleg.









Det vil også bli satt opp ein badestige på steinkaia i forbindelse med prosjektet.
Bygdelaget vil også minne om heilårsbadinga på Lynghaugsanden kvar søndag. Det blir meldt om 20oC i vatnet, så om du er nysgjerrig er det nå du bør bli med!
Sist oppdatert 17.07.2026 av Thomas Bigset.


Legg igjen en kommentar