Grunnlovs- og nasjonaldagen 17. mai 2026 har blitt feira på Flatraket. Vi er heldige som får markere denne dagen – ein dag som på mange måtar er barna sin dag, men også ein fin dag for fellesskap, tradisjonar og bygdeliv.

Dagen starta friskt for gjengen som driv med heilårsbading. Klokka 10.00 var dei – underteikna inkludert – på plass på Lynghaugsanden for eit bad i havet, før resten av feiringa heldt fram utover dagen rundt om i dei enkelte heimane.

Seinare samla folk seg ved skulen, der det var lagt opp til mange aktivitetar for både små og store. Det var kafé og kiosk, barneleikar, natursti, skyting, pilkast og tippekonkurransar. Slike aktivitetar er med på å gjere 17. mai til ein triveleg samlingsdag for heile bygda.

17. mai 2026
Folketoget på Flatraket 17. mai 2026.

Folketoget gjekk med tonar frå Ytre Nordfjord Brass, og etterpå var det festsamling i gymsalen. Der vart det mellom anna halde tale for dagen ved Sølvi M. Rasmussen (underteikna si kone), utdeling av premiar og allsong med Flatrakssongen.

Om talen for dagen: Talen handlar om kor viktig fellesskap, omsorg og rausheit er i ei uroleg tid, og minner oss om at små handlingar – eit smil, eit besøk, ein telefon eller ein stol ved bordet – kan bety mykje for andre. Ho løftar fram både dugnadsånda på Flatraket, bygdelaget og heilårsbadinga som gode døme på møteplassar der folk ser og tek vare på kvarandre. Bodskapen er at vi kvar dag kan velje å gjere kvardagen litt betre for dei rundt oss, våge å bry oss og vere oss sjølve.

Vêrrapporten: Skya, men med gløtt av sol store delar av dagen. Temperaturen låg på rundt 13 grader, og ein litt irriterande og kjølande vind gjorde seg tidvis gjeldande. Og sjølvsagt: ei regnbyge under folketoget.

17. mai 2026 - Flatraket
17. mai 2026 på Flatraket.

Invitasjonen og programmet for dagen er omtala i eit tidlegare innlegg (lenkje).

Det er mykje bra med å bu i ei lita bygd som Flatraket, og 17. mai er ein slik dag der dette verkeleg kjem tydeleg fram. Takk til alle som var med på å lage ei fin markering av nasjonaldagen.

Lokalavisa si omtale av 17. mai-arrangementet på Flatraket:

Sist oppdatert 28.05.2026 av Thomas Bigset.

Statistikk: Innlegg/side besøkt 264 gonger, 1 besøk i dag.

2 kommentarer til “17. mai 2026 har blitt markert på Flatraket”

  1. […] Oppdatering: Oppsummering av markeringa av 17. mai 2026. […]

  2. Johan Kroken avatar
    Johan Kroken

    Flott oppsummert Bjørn. Kjekt «utabygdingane» og får eit glytt inn i korleis vi feirer dagen. Hadde vore kjekt med ein «god gamaldags» bygdakveld med underhaldning ut på hausten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *