Kva skjer på Flatraket?

Følg med på aktivitetskalenderen for å få med deg aktivitetar på Flatraket. Komande aktivitetar blir også vist på infoskjermen på butikken.

Infoskjermen er også tilgjengelig som app; Infoskjermen Go.

Komande arrangement i kalendaren:

Heilårsbading

Søndagar

Søndagar er det heilårsbading på Lynghaugsanden.

Sjå eiga Facebook-gruppe for tidspunkt og informasjonsside her i bloggen.

Fotball på Naustteigen

I fotballsesongen 2026 var vi representerte med A-lag, J10 og G9.

Gjennom sesongen vart det spelt mange kampar på Naustteigen, og kampane var godt besøkte. Som vanleg var det også open kiosk under kampane.

Takk til spelarar, trenarar, frivillige og publikum for ein flott fotballsesong!

Når fotballsesongen 2027 nærmar seg, vil komande kampar og aktivitetar etter kvart bli lagde inn i aktivitetskalenderen.

Organisert idrett

Flatraket idrettslag har organisert idrett for store og små. Treningstidene til faste aktivitetar er ikkje med i kalendaren.

Flatraket Bygdelag

Flatraket Bygdelag logo (KI-redigert)
Flatraket Bygdelag – logo

Sist oppdatert 03.10.2026 av Bjørn Roger Rasmussen.

Statistikk: Innlegg/side besøkt 2 606 gonger, 1 besøk i dag.